6/29/2013

Uforpliktande strikketøy

Det er avkoblande å strikke uten for mykje telling og tenking, inni mellom tøffe arbeidsdagar! Fant fram Regia multifarga garn, samt Viking Sportsragg.  Sokkar i tivolifargar og lilla leggvarmarar er ikkje aktuelt akkurat no, men greit å ha på lur allikavell!   Eg ruslar ofte innom "Lindabua" - strikke litt, vatne litt og plukke litt.  Det gjer meg mykje, og er svært glad for detta huset i hagen.  Har hatt nokre visittar av venninner innom og - det er ekstra kjekt.      Garn har fortsatt trong for å handla - enten om det er på salg i Norge, eller dyrt frå utlandet.    Posten har spela meg eit puss med ei levering frå Frankfurt.  Håpe den kjeme til rettes igjen - for det er luksusgarn som skal brukast i eit sjal.    Ellers er eg ikkje arbeidsledig.  Skuldre streike og knirke, men la vær å strikka - nei, det er ikkje aktuelt!  





 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...