7/01/2013

Koftepynt i neonfargar

Her ein dagen, tok eg fram ei gamal Setesdalskofte og Viking sitt sjølvlysande Sportsragg.  Det er superwash, tiliks med garnet i kofta.   " Lekne masker og lekne sting" av Sidsel J. Høivik - er ei inspirerande bok.   Herlig å sleppe strikke nytt plagg.  Tok nokre timer å brodere kjedesting, samt Mille Fleur i blomane-  dei  havna litt uvilkorleg her og der.  Nokre bakpå jakka og.   Kansje sprøtt å gjere om jakka mi slik, men eg er fornøgd, eg!! 

Idag har eg hatt ein dilletur til Stord, ilag med venninne J.   Kjekt å handla dilldall på "Fem høns" , men gjevast å få med seg garn i posen.  Vokta godt den posen, så ikkje nokon skulle finna gjengløymte godbetar frå "Ullkroken"!!!!!
          Ein dyr fornying på Interoptik,- måtte til.   Må jo sjå og lese godt, nye mønstrar og utfordringar.  "Frua", er komen så longt at progressive glas i brillene - da er  nødvendig! Men, fytti så dyrt!    Tusen takk for fin tur, "vrangmaska"!






 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...