7/07/2013

Omatt og omatt - arbeid

Men, jammen glad eg tok og høyrde på vrangmaska.  Hugsa de den lysegrøne relieffstrikka toppen? Den vart ikkje så fine i armane.  Eg like jo ikkje å rekka opp eg. Difor ekstra glad for at fornuften seira og at resultatet vart bra!  No kjeme eg til å bruke toppen enda meir.
 
Ikkje meininga og visa folk ryggen - men, må jo syna den turkise halterneck-saken.  Fant turkis hattestrikk (følgde med noko perler, eg hadde på lur)  Tre rader i ribbestrikket, held den fint innåt korsryggen.  Eg har hekla ei konvoluttveska til å matche denne vesten med.  350 gram helårsbomull brukt i vesten og 50 gram i veska.  Samt noko kvitt garn med små perler på.

 
Så har me fått besøk i helga. Vårt 4. barnebarn - kom med foreldra igår - og skal være her ei vekes tid. Eg nyte såååå mykje å halda den vesle kroppen.  Sovna begge to i mormor gamle gyngestol, i førmiddag.      


 
Endeleg kom det litt sommarvær til oss.  Rosa, Etude, "springer" ut nå, men  Prestegardsrosa, er jo først då. Har monge kvite som henger så fint over "Lindabu" og altan.  Må ofta bortom med nasa og lukta. (ikkje foto av den)

 

1 kommentar:

  1. Nydelige små fotar..
    Godt at du ikkje angre på å ha fulgt rådet mitt om å fiksa armane på den grøne toppen, nå ser dei ganske superdupre ut!

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...