7/30/2013

Putleblogg

Glømte å visa kva eg "snopa" på ferietur.  Eg har egentlig ikkje behov å kjøpa noko meir i garn, men fristelsar dukke opp.  Har ein plan å strikka ut litt av hamstringa mi - og eg klare egentlig å være måtehalden.  Hm... hm....        
 Mirasol i nokre skjønne grøn/turkis-fargar og 5 har eg ikkje prøvd før. Perler, knappar og strikkepinnar.  Samt ull frå Shetland.   Små gleder for ei med strikkedilla!!!!!!
                                            
Gamle mønstrar.  Kjøpt i garnbutikk på Haukeligrend.

 Klut/lite handkle,i Italiensk bomullsgarn. Mønsteret heiter Selje.
 Dokka fekk t-skjorte og shorts i sjølvlysande garn.  Hilde, fekk settet med seg til si dokke. Ho var så triveleg å ha på besøk.  Fekk med seg pinnar og litt garn i strikkeveska si.  Tidlig krøkes!

 Må ta med eit bilde frå "Lindabu".  Er så glad i denna Pelargoniaen. Den står fint til graset, som kom utav frø frå Grand Canaria.   

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...