7/23/2013

Pynta litt kakeboksar, denna sommaren og

Berre desse er litt større og nyttigare.  Eg fekk så lyst å kle Twistboksen, samt ein firkanta boks etter jubileumsis.   Hekla nokre bånd i bomull - satte samen i ring når det var passeleg rundt boksen. Det er berre fastmasker i bakre ledd - då får ein litt elastikk i båndet.  Topplokka har eg brukt Snowflake/Candy - garn frå Sirdar.  Blanda det med kvitt bomullsgarn for å få meir støtta. Pynta med hekla moreller (etter Jan's ønske)    

Fekk og tid å hekle desse babysokkane ein dag. Er mykje ute i sommarsol og varme, men likar å pusla med noko i henda.  Fekk mønster av "vrangmaska".  Brukte lysegul alpakka frå Mayflower. Litt stivare enn anna alpakka-garn detta. Kansje det ikkje røyte så mykje då? Trur eg må tove desse sokkane litt, tykje dei er litt store.




Nå har eg pakka bomullsgarn, ullgarn, heklenål og strikkepinnar og skal til fjells med "vrangmaska"!  Strikketur, med andre ord. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...