7/06/2013

Turkis sommartopp

Kjøpte det tyske bladet Anna, med meg heim -frå sist bytur.  Og falt for ein topp/vest - Lana Grossa.  Heilårsgarnet til Pt - Rauma, passa perfekt til strikkefasthet......  trudde eg.   Kry som ein hane, klarde eg å stavra meg igjennom den tyska oppskrifta.  Eg bomma litt på flettemønsteret.  Skulle hatt nokre rette mellom doble fletter, og ikkje vrange.  Men, pytt pytt!  No har eg eit aldri så lite problem---  ryggen henge og slenge som ein kengurulomme.  Må tenke ut noko som kan halda den litt innåt og oppe. Ribbestrikket blei ikkje elastisk nok der, i bomullsgarn.

                                      Halterneck med åpen rygg. Gøy modell å strikka.


 

4 kommentarer:

  1. Nydelig farge og flott topp!
    Kanskje du kan hekle en rad fastmasker i kanten for å holde ryggstykket litt inntil...?

    SvarSlett
  2. Du er jammen god!! Synd at den blei for vid i ryggen, kanskje du kan sy inn ein tynn strikk?
    Den var i alle fall fin, og nydeleg farge :))

    SvarSlett
  3. p.s. Har du snakka med Sølvi? Me har visse planar...;)

    SvarSlett
  4. Heisann! Eg har fixa vesten. Det blei tre rader med turkis hatte-strikk i "ribben" - og det fungere fint!! hm.... nysgjerrig på planar, ja!!!

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...