8/02/2013

Ein singel zebra-klut

Kjøpte det tyske handarbeidsbladet - Anna - her ein dagen.  Mykje fin inspirasjon i detta bladet.  Før var det på svensk, og det er eit sakn for meg.  Men, klare å tyde noko av oppskrifta.  Enkelt å forstå når det er diagram, sjølv om det er jobb å hekle med fleire fargar.  Så difor, trur eg det blir berre ein klut.  Tikka nett inn ei melding med godt tips - frå vrangmaska-  ein einsfarga eller stripete klut som matche!!!!  Tusen takk!  


                   Har brukt Sandnes Naturell og krok på 3 mm
  I dag har eg vinka til sommarbåten som dreg langs Norskekysten.  Eit yrande båtliv rundt den på alle kantar.  Sendinga frå Rosendal, byrje snart - og det må jo eg få med meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...