8/18/2013

Lueblogg

Måtte ha noko lett strikkearbeid i helga.     Ian, fekk ei heklelua.  Den fora eg med elastisk jersyfrotè. Då er lua meir lun til vinteren og får betre passform. 


Jøran, vår eldste son - er begynt på høgskuleutdanning som barnehagelærar.  Då vert det kansje noko praksis og lua til han kan kome godt med?!  Jacques Cousteau-lue, heiter denne modellen og eg fant norsk oversettelse på Ravelry.  Brukte aquagrå CascadeYarn - 100 gram.

Så har eg endeleg strikka ny lue til meg sjølv og.  Merke nesten ikkje at eg har ho på, så lett og fint er Kashmir/Alpakka til Sandnes.  Gjekk nesten 100 gram til den og. Mønsteret her ligge gratis på Pickles  (http://www.pickles.no/vaffellue/ )

Så er eg så glad for at Stokkrosa blomstre så fint med yndlingsfargen min!   Vinden holdt på å legga heile stauda flatt i natt.  Får håpe den helde ut og kjeme med knoppane i toppen og. 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...