8/31/2013

Min første bamse, ferdig!

Takk aller først til Åshild, for godt tips med fyllvatt.  Ei billeg pute frå Kid - fungerte kjempefint!  Så eg har fått strikka bamsen min ferdig, innimellom helgevaktene mine.

Gjorde om litt på snuta.  Den fekk motsatt farge som dåke ser??? ...Og med "lus".  Eg like godt å finna på litt sjølv, - altså ikkje heilt tru med oppskrifta.  Men, denna er til låns for både gutar og jenter som kjem til oss.


Ei aller tiders venninne har sendt meg eit fantastisk mjukt garn. Og så den fargen då??!!!Nydeleg!  Har ikkje prøvd detta garnet før.  Eg trur det må bli til ein fin sjalskrage/hals?!  1000 varme takk!

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...