8/10/2013

Trådlaus, men ikkje rådlaus!!!

Eg hadde 4 nøster av sommerulla til Malsen & Mor - og var nok altfor modig på om da skulle halda til ein topp?!?!  Kom opp til der fram- og bakstk. skulle delast. Då var det slutt på tråden.  Så var det å henta fram den vesten eg strikka og hekla i juni.  Den var eg ikkje fornøgd med bærestykket på.  Blei altfor smal over mine skuldre.  Nå var saken enkel.  Eg tok av den hekla delen og rekte opp.  Er kjempefornøgd med denna nye toppen. Sitte fint på meg!!!  Ikkje ofta at engelsk oppskrift kjeme med noko på rundpinne, men det var denna her. Likte og godt ein annan versjon av havskum-mønsteret.  Det einaste  eg gjorde som avveik frå mønsteret; er hekla krepsemasker rundt halsringen.  Den ligge mykje finare då.     Problemet nå er kva eg skal gjere med den halve vesten eg har att??  Må tenka ut noko lurt her. 


 New Dawn, smile til meg - når eg kose meg og  strikke på altan.


Loppefunn
Garnfunn:

 Loppefunn: ei skål frå byrjinga av 1900-talet og eit lokk.  Du undrast kvior lokket? Jo, det skal fram med bakst av kjeks og stompakaker.  Kjempegreit å trykke ut jamne kaker av leiva.  Fekk tipset hos:
ellenelle"
 
Garnfunn!

 Detta garnet var satt ned i pris pga brann og røykskader i lokalet.  Kjende ikkje noko lukt av det eg. Var eindel utplukka i hyllene, men litt fekk være med heim til Kvinnherad.
 Idyllisk kafe i Jondal.


 Furubergfossen, Mauranger (Kvinnherad)

Ein flotte tur, som vert punktum for ferien i år.   Detta bildet er tatt på veg heim.  Ein stad uti der på venstra sida, bur me.

2 kommentarer:

  1. Du fikser det mesta, toppen blei nydeleg :)
    Fine bilder du har tatt fra turen. Kvardagen starter igjen her og...

    SvarSlett
  2. Ja det sier jeg også; du fikser det meste du Linda :) også så masse herlige bilder da, kos :) toppers topp ;) kjempesøt

    SvarSlett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...