9/03/2013

Frå hespe til nøste, i ein farleg fart!

I går hadde eg så koseleg førmiddag.  For å kobla av etter strevsom arbeidshelg - så berre måtte eg strikka og sitja i ro.  Og det klare eg best, med likesinna besøk.  Jane, hadde tid og kom utom på te og kjeks.  Ho låna vekk nøstemaskinen sin - så nå kan eg nytta den til å nøste opp alle dei lekre hespene mine.  Dei ligger jo så fine i sin fargepalett, men dei ber liksom om ein utsetjing for å bli strikka av.  Eg har garnvinna klar i stova eg - den er jo fin pynt- og eg kjeme fortare igong med arbeidet. Klarde på eit blunk å lage 6 nøster av "Drops love you".

 Det berre klødde etter å strikka i Sandnes Soft Alpakka-garnet, eg fekk her i forrige veke. Strikka halsen som Linda Marveng, har mønster på i siste utgåve av Familiens Strikkemagasin.  Eg klarde å gjere litt feil i mønsteret.  Skulle veksle med fletter og hullborder annakvar rapport, men da gløymde eg å følga med på.  Garnet blir ikkje så fint med opprekk, så difor valgte eg å strikka dei vanleg opp.

"Me skulle plukka plommer i Hardanger"! Og her er det  plommer!  Dei veltar seg inn i hagen vår - ifrå naboen.  Me får lov å gå på slang, for han bryr seg ikkje med dei.


 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...