9/30/2013

Ikkje long nok - strikkepinne

Barnebarna veks seg til hjå oss.  I helga var me til Bergen i barnedåp for vesle Ian.  Han er snart 4 mnd. no.  I Fana Kyrkje vart han døypt.  Selskapet var i heimen - 25 stk. smått og stort - fekk middag, kaker og kaffi rundt fine festpynta bord.   Dåpsbarnet tok da heilt med ro og var nok litt "øvegidde" på alle folka rundt seg.

                                        Gunn Ringseth (sjå i blogglista) har laga dette fine kortet for oss!

Men, så til strikkesnakket då - (difor eg har denna bloggen)   Hilde, på snart 4 år vekse og.  Eg lovde mor Monica, å hjelpa til med ullbuksa for dottera. Og fant denna skjønna flette-thigtsen i Viking sitt nya strikkemagasin.  Oppskrifta går berre opp til 2 år.   Hefte ikkje meg det, bruker berre tjukkare garn og større pinnemål. Samt forlenga beinlengda då, så går det jo brukeleg bra??!   Tenkte at denna gong skulle eg strikka føtene på buksa på "Magic loop" (to på ein gong).  Då blir dei jo heilt like i lengde og der ein auke.  Men, måtte gje meg etter 25 cm.  Pinnen min vart for kort. Den skulle vore på 100 eller 120 cm.  Så resten må delast.    


Kusokkane til Vic. er ferdige, men eg føler dei er tronge/smale i foten.  Håper jenta ikkje er så brei over knokane, at ho kan bruke dei allikevell?  Prøver å blokke dei ut med damping og strekk på desse kjekke sokkeblokkarane.

4 kommentarer:

  1. Du må nok ut å handle ny og lengre rundpinne!
    Jeg strikker ermer til jakke av restegarn, og er så fornøyd med å strikke begge på samme pinne. Da skifter jeg farge samtidig og øker masketallet samtidig.
    Kusokkene dine ser så delikate ut at de er nesten ikke til å bruke!

    SvarSlett
  2. Det går godt an å strikka magic loop med to rundpinner, halvparten av maskene på kvar pinne.
    Eg tykkjer det er enklare enn med ein pinne ;)
    Masse arbeid med alle flettene på buksa, den blir fin :)

    SvarSlett
  3. Glømde litt.... Dåpsbarnet var så søt :) Dei veks fort til!

    SvarSlett
  4. Skjønt dåpsbarn!
    Når det gjelder strikking -jeg bruker sjelden magic loop. Har liksom ikke blitt helt fortrolig med teknikken..
    Knallfine kusokker :)

    SvarSlett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...