9/23/2013

Mine hjertesokkar

I fjor hadde Familien ein småstrikk-konkurranse.  Eg deltok med desse hjartesokkane og vant.  Ikkje noko hovedpremie-  men, sokkane skulle kome i ei bok/hefte på nyåret 2013.  I januar fekk eg e-post om at denne boka var utsett til hausten i år.  Og at eg ville motta 3 eksemplar av boka der sokkane mine skulle være med i.   Har ennå ikkje sett slik bok, eller hørt noko meir.  Konkurransen som forsvant???  Gjør meg ingenting, altså - ser at sokkane har sine feil og manglar.  No har eg prøvd å strikka prototypen min, og gjordt nokre nye justeringar og pynta litt meir på dei eg først strikka. Så har eg gjordt meg ei skisse og vil prøve å laga oppskrifta her for dei som ønsker å prøve.  Sokkane sitte godt på foten.  Dette pga den elastiske og noko uvanlege hælen.  Eg har brukt garnet Nepal i frå Drops og pinnemål 5 mm. Litt over 100 gram.  Då vert dei passelege ifrå 37- 40 damestr.

Begynn med rillestrikka hjerter. Legg opp 12 masker. Strikk ei rille (Dvs 2 pinnar rett) Når du vidare skal auke eller minske, så gjør detta innafor første og siste maske- og alltid på første rille. Pinnen tilbake (baksida, skal det ikkje aukaust eller minskast)  Auk så i begge sider, 4 ggr = 20 masker. Deretter ei rille med berre auke ned mot hjartespissen og - ikkje i hjarteoppen = 21 m.  Minsk så i hjartetoppen - 3 ggr MEN, fortsett å auk i spissen. Så strikker du motsatt. Auk, 3 ggr i hjartetopp og minsk i spissen. Deretter ei rille med minus auk/fell i topp, men minsk fortsatt i spiss. For deretter å minske 4 ggr. i topp, samtidig som minsk i spiss = 12 masker.   Ikkje fell av, men strikk eit hjarte til. Sy eller strikk desse samen i eine sida.


Bruk strømpepinner og ta opp ifrå ein spissen og opp mot sida.  10 masker på første pinne og 13 på neste.  Dei 3 siste må komme i neste spiss. Her kommer hælen. Snu og strikk 1 r og 1 vrang over desse to pinnane - tilbake.  Snu igjen og strikk ribb over maskene. Men, fell slik i V-rota; løft 9.maske over til høgre pinne, strikk to sammen og løft over denna maska.( = 2 felte m) strikk videre ribb mot neste spiss. Ta opp 10 og 10 masker på to nye pinner. Ikkje tre ekstra i spissen her. Det skal være åpent framme mot vrist og tå på sokken. Hælen strikkes att og fram.  Strikk tilbake over dei to siste pinnane - snu og gjør same fellinga som på dei to første pinnane. Strikk ribb tilbake over alle 4 pinnar, men lurt å la dei to maskene som blir overgang av pinne 2 og 3- skifta plass (ei lita flette) for å ungå hull bakpå hælen.( Du kan godt ta maskene over på ein rundpinne eller bruka 3 strømpepinner. ) Strikke ein gong til over alle masker - med felling i v-rota. (8.maske løftes over dei to neste samen.)  = 35 masker tilslutt.  Strikk ribb til hælkappa måler 13-14 cm i ytterste kant.
Strikk så sammen hælen slik:  Strikk halvegs. Bøy sidene med retta inn og ta ein hjelpepinne for sammenfelling mot vrista.  Ikkje bryt tråden men, ta opp 40 masker fordelt rundt foten.  Og strikk rundt til du har ønsket lengde.  Mine sokkar er 10 cm ifrå opptak frå hælen - og før tåfell.
Feller så for tå slik: 2 sm, 1 rett + 1 rett og 2 vr. sm. i eine sida. Strikk til neste side og gjør lik felling.  Fell på annakvar pinne 3 ggr. - deretter på kvar, til du har 8 masker att.  Klypp tråden og smett maskene sammen og sy godt til
Kanten er hekla til slutt. Fastmasker med ei luftmaske mellom kvar.
 
 
                 Prøvde mønsteret mitt på pinner 2,5 mm og tynt garn.  Det måtte mindre masker til i foten - men, hjarta har rett maskeantall.  Desse syntes eg blei finast å bretta  ned skaftet på.   Kansje dei er str. 24 - desse?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Stort avvik hos meg

3 uferdige produkt på ein gong!!!!!  "Sånn går da"- som han sa son vår.   Men, har håp om å bli ferdig til bursdagar og Jul.  M...