9/17/2013

Påfuglhekling i miniatyr

Fekk garnet Manos Lace til bursdagen min i  august - og då måtte eg finne noko å laga - nettopp til meg sjølv.    Leita litt på nettet og halsen "crochet angora cowl pattern" by Lyzard - dukka opp på Ravelry.  Eg er ikkje stå stø på å hekla etter engelsk, men forstod fort at detta er påfuglhekling.  Ein Norsk  farsott;-   hekle 5 fm  rundt 5 og 5 løkker henta opp og tredd rundt kostaskaft!  I skjerfet eg laga, har eg brukt strikkepinne nr 4 mm og heklenål 2,5 mm.  Måla blei 18 x 78 cm av gåvenøsta mitt.  Mønsteret blei lekkert - om eg skal skriva da sjølv.     To hekla roser (låg i handarbeidskista mi og matcha fargen flott. Dog litt meir lodne)  Desse to fekk knappar bak og kan nå kneppas på skjerfet kor som heldst.  Greit å dandere og pynte seg med variasjon!




 

2 kommentarer:

  1. Denne hekleteknikken var jeg borti allerede i ungdomsskolealder. Artig å se igjen :)
    Flott sjal du fikk laget av garnet.
    Praktisk løsning med knapper på rosettene ;)

    SvarSlett
  2. Nydeleg, Linda! Det blei skikkeleg fint med rosene til pynt.
    Og eg fekk kjenna kor mjukt og godt garnet var :)

    SvarSlett

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...