9/07/2013

Stjernesokkar

Fekk ei engelsk sokkebok til dagen min i august.  Samt garnet Andorra ifrå Regia.  Det er ganske tynt blandingsgarn av bomull, ull og polyester.  BabySock frå Permin, passa fint til strikkefasthet og pinnemål 2,5 mm.  I boka er desse "colorful star socks" - hvite med rosa/rødlig melert garn. Like min variant kjempegodt.  Så flotte blå/brunfargar til den svarte botn.
Ser nesten ikkje at eg har brukt av Andorra. Nøsta inneheld 100 gram. Men, BabySock er like drygt. Har ikkje klart å bruke opp 50 gram av det heller.



  Må berre skriva litt om hælkappa på desse sokkane.  Strikka tre masker perlestrikk i kvar side. Det var utrulig enkelt å ta opp nye masker ifrå desse, då fot skulle strikkast ifrå hæl. Rett og slett på utsida av sokken.      Også blei dei gode i passforma. 
 

1 kommentar:

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...