9/15/2013

Strikkehelg

6 strikkedamer i forskjellige aldrar på hyttetur - det er "skoy" det!  Me var så heldige å bli invitert til "wenjo's" hytta i Jelsa (Rogaland)  Så forskjellige i alle våre respektive aldrar.  Då tar eg berre med at den yngsta dama - var Monica, eldstedotter vår.  Så får de ha til gode å vete kven som var eldst!

Det gjorde ingenting at regn hølja ned i går, og litt ruskevær og i dag.  Strikkepinnar, heklenål, skravlå, matinntak og kaffi og tekos --- har vore det sentrala i helga for oss.  Bittelitt søvn og ein liten lutftetur, måtte jo og brettast inn i strikkepausane.  Vertinna fekk visst tid å strikka litt sjølv og - men, for det mesta skjemte oss bort med matlaginga si. Herlighet så fin husmorferie! 1000 takk for gjestfriheten!



 Hausten er her -  men, det er no flott og då?     Eikenøtter med vassperler på!
                            Litt opphald i regnet - då drog damene ut - på tur!
                                  passande namn på plassen der andre turgangarar - er "ullne"!

                                      Stilige eplegjerder langs stien ned til eit keramikkverkstad (som var stengt:(

Rett før eg reiste på fredag, fekk eg ferdig desse ankelsokkane i 100-gram, Pan- kashmirgarn ifrå Telespinn.  Det vart litt styr - då den første  sokken vart altfor brei. Så eg måtte berre rekke den opp att og ta færre masker opp ifrå hælen.  Då gjekk det betre.  Desse vart akkurat passe til min gode Jan, som har str. 43 i sko.



På hytte strikka eg ein hals i garn frå Rowan og mønster i frå siste utgåve av "Molly Makes".    I frå det magasinet, brukte eg og mønster til krusvarmarar av rester.  Kjekt å tutla med slikt innimellom andre prosjekt. 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...