10/19/2013

Donald ut av - garn inni skapet!!

Mannen min har eit flott skap - der han samla Donald Duck - årgangar.  Ingen er ivrig lesarar av desse, så i går tok eg trimmen og flytta dei på loftet i ei bokhylle der.   Og garn fekk hedersplassen istaden! Kjekt å ha inspirasjon i nærlæiken og når garngleda er større enn å lesa - ja, då får Jan berre sulke litt!??? Men, han tok det ikkje så tungt.  Han støtte hobbyen min!  I dag, har eg byrja på ein tam.  Er blitt invitert med i ei gruppe om  samstrikke desse luene.  Har prøvd å teikne nokre små roser og funne passanda garn til prosjektet mitt.  Om eg vil kle ei slik lua - det tenke eg ikkje på akkurat nå!

 Fant ei bok i ryddesjauen --- hadde gløymt at eg hadde den!! 
    Må berre ta med fleire bilder ifra lufteturane mine.  Er begeistra for fargane ute for tida

 Trur desse fargane vil gå fint ilag.  Eg kunne tenkt ein liten fugl og i mønsteret - så her må teiknast meir.

1 kommentar:

  1. Denne alongen er spennande, men eg er ikkje komt igang ennå. Du har valgt fine fargar på hua di.
    Ikkje verst å kunna pynta stova med fargerikt garn!
    Det er så flott ute for tida, nydelege bilder du har tatt.

    SvarSlett

Stort avvik hos meg

3 uferdige produkt på ein gong!!!!!  "Sånn går da"- som han sa son vår.   Men, har håp om å bli ferdig til bursdagar og Jul.  M...