10/11/2013

Hausttur til Vetlaløa og dinogenser

Ein flotte fridag.  1 t og 10 min. kjøring -sånn cirka ifrå våre bygder og til nabokommunen. Der ligger ei lita løe, med stort innhald. Vetlaløa, har åpent eit par gonger i månadane - samt strikkekafear. Ho "vrangmaska" har jo blogga og reklamert så varmt om denna plassen på Mannsåker, at no måtte eg berre freiste turen.   Me var fleire ilag, også to jenter på 9 og 10 var med - då dei hadde haustferie. Kansje smitta garngleda til oss vaksne over på dei?  Lar bildene tala for seg sjølv her:






 Mine kjøp kom heim i ein lekker pose med fint ønske på. (Eit nøste "falt" av på vegen heim, til dotter M. som takk for gode garnlån :)
 Så har eg pusla samen ein dinogenser til han Ådne.  Nest yngste barnebarn,  må jo og få noko av mormor?!  Eg valgte andre fargar og raglanfelling, som de ser.  Her gjer og knappane, prikken over i`en.  Denna er i str. 3/4 år og strikka i Drops Merino Extra Fine.
 Mønster er henta ifrå ei gøy bok laga av Lucinda Guy.

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...