10/24/2013

Julegåve for ein liten konge!!

Likte så godt denna jakka og lua, - som var mønster på i eit engelsk babyhefte.  Det er mønster ifrå
www.bergeredefrance.co.uk   Eg strikka med dobbelt babyull frå Dale.  Då stemte det med pinnemål og størrelse.  MEN, eg er lei meg for at eg ikkje tok meg ein bestillingsrunde før.  Det hadde vore stilig med meir dongerifarga garn.  Det har eg bestilt både hos www.strikkenett.no og www.godsomull.com      Men, det går ann å strikka fleire slike jakker og luer?? Litt dillete med å strikke stykker kvar for seg då, så neste gong må eg gjere litt om på jakka.    Mønsteret på lua, var svært komplisert.  Det enda opp med min egen variant og kunnskaper der.  Hm... for ikkje å skryta, så vil eg skynda meg å legge til - det som eg har lært i gruppe med Zirkona som mentor.   Dobbeltstrikk i øreklaffer og brem.  Skal sy eit fòr i lua - då vil den bli lun til "veslekongen" i Bergen. 
 Så vart det eit problem med knappar!!!  Eg tykje desse er fine, men for store........?
                                   Pusekattar er jo søte - men, vanskelig å kneppe.... ?
                                    Svarte, blir vell for hardt inntrykk??  ...... trur eg må finne nokre i metall?

3 kommentarer:

  1. Stilig jakke. Og eg synes fint du kan ha dei brune knappane eg, sjøl om dei var litt større enn alternativa. Det blei litt sånn duffel-preg over den då.

    SvarSlett
  2. Åh, så lekker jakke! Skal eg sei mi meining om knappane, ville eg gått for dei svarte. Passeleg størrelse og fint til det blå :)

    SvarSlett
  3. Herlig, lita jakke. Så kjapp du er til å strikke. Det ene plagget etter det andre.
    Når det gjelder knapper er jeg enig i at figurknapper er håpløse. De egner seg best som pynt. De brune er flotte i fargen, men er knapphulla for små, så hjelper vel ikke det . De svarte ser nå passe ut.
    Kjenner jeg deg rett, har jakka fått knapper for lenge siden.

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...