10/10/2013

Litt om diverse

Jammen vore flink å nedprioritera dataskjerm og slikt, i da sista.  Har jo sin grunn når huset får ungdoms-lott og babypludring, i mellom veggane!  Og eg må jo innrømma at hausten har sin sjarm, om eg er mest glad i sommar!  Fargar som gneistrar mot meg ute, lys og strikkekveldar inne.  Eg har jo begynt å forsyna barnebarna med litt vinterstrikk. Men, og litt sokkar til dotter Sandra.  Me tigga oss til å få kjøpa nokre lekre hjarteknappar av storesyster Monica. Dei passa så flott på desse lyseblå Amy Palmer-sokkane. 
         Mindy, måtte og være med då mormor og Ian, kosa på teppet.  Sjalu katt? I alle fall glad i oppmerksomhet ho med!   Ruska matmor i håret og greier. 
    Kvit reinmose og raud flogesopp, fekk meg nesten i julastemning - no i oktober!
   Denne gong kutta eg rett og slett ut knappestolpen som sku ribbestrikkast over 6 m.
                               Lekker farge både på Lima og Cito - fekk i posten raskt ifrå "To Damer" på Sotra. Dei har rikt utvalg og ikkje nokre dyre på å senda.  Nesten dyrarar med bensin, tenker eg!")

Det har lykkast meg å få tak i nokre babyoppskrifter eg hadde på 1980-talet.  Hadde 4-5 hefter i frå Pingouin, som eg strikka flittig frå til døtrene våre.  Så lånte eg desse vekk og har aldri sett dei att! Kan ikkje koma på kven som fekk låne. Trur i alle fall ikkje eg har kasta - eg som ikkje kasta noko særleg av mønstersamlinga mi.  Eit hefte er på veg - kjøpt på ebay. Kosta meir i dag, enn den gong då.Pytt pytt, nostalgi lenge leve!  Denna oppskrifta som er avbilda, har eg fått gratis av Marit (ei god snelle eg traff på Landstrikketreff i Oslo) Tusen hjarteleg takk, du gleda meg så mykje med detta!

                     Ei anna gåve eg har fått, er desse handlaga knappane.  Endeleg skal eg mote meg på å bruka, "Ginko"! Han Ådne, skal få seg dino-genser med fine knappar på. 

 

4 kommentarer:

  1. Herlege bilder, både av na mormor og av flott strikk. Sokkane er jo lekre, utruleg kor mykje nokre knappar kan heva eit plagg.

    SvarSlett
  2. Koseleg bilde av dokke tre på teppet :)) Eg gleder meg til å besøkja dei to minste jentene våre i mårå, skal feira ettårsdag :)
    Flotte sokkar, seier som Vrangmaska, knappane gjer susen!

    SvarSlett
  3. Kjempesøte sokker! :)

    SvarSlett
  4. Skjønne Amy Palmer-sokker! Etter min smak var det finere uten ribbestrikk i knappestolpen :)

    SvarSlett

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...