10/29/2013

.... og så litt meir fargar

Eit lite mål eg har - da er å strikka/hekla noko ifrå kvart hefte eller bok eg får eller skaffer  meg.   Da kan av og til være lenge til eg setje i gong.  Slik som med desse vottane.  Dei er kalla Rosemal, og er i eit magasin som heiter Knitter's (ifrå 2009)   Detta magasinet var ei gåve frå venninne K - og vottane falt eg for lenge si.  Brukte berre 4 fargar istaden for 6 + ein liten rest mørkeblå til innerst i hjartene.  Svært fornøgd med at Nepal var passande garn og eg hadde passande fargar på lager.  Vottane er nok litt små for meg - meir for ei ung dame, desse. 
 Denna fuglen er eg ganske kry for!!  Den er hekla etter fransk! Språk som eg slettes ikkje kan. Men, har jo hekla før, så når tall er like uansett - foruten kinesiske - så gjekk eg igong.  Fekk ein pakke med noko garn frå Jane.  Mønsteret var i hennar julemagasin, så da måtte da improviserast litt.  Bladet nedafor - altså da på fransk  -  hadde med desse små fuglane. Min blei noko større, men eg likar han <: ---="" han="" ikkje="" lv="" nbsp="" om="" p="" sj="" strikka.="" vart="">

 Så får me sjå då ----- om det verte noko ifrå desse to nye magasina her?!  
 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...