10/14/2013

Sauer med for lite kontraster

Kom over eit lekkert sokkemønster her ein dagen.  Garnet ifrå Odda-turen - Opal med glitter og spreke fargar - ville eg gå igong med ein gong.  Ser nå at eg har valgt altfor svak farge til botn. Men, pytt pytt.  Eg får lage ein anna vri, så dette ikkje irritere meg vidare oppover at sauene ikkje synest.  Sokkane blir strikka ifrå tåa og opp. Kjekt med forandring. Mønster på engelsk her:
http://biscottecie.com/blogue/wp-content/uploads/2012/05/Biscottes_sheep_en.pdf
 I dag kom endeleg Pingouin-heftet mitt i posten.  Det var nesten som eg ikkje torde åpne den store konvolutten.   Men, skuffa vart eg IKKJE!   Det er mykje fint her, både til jente og gut. Magasinet er som nytt, ikkje rukker og ikkje lukt.  At det er på engelsk, gjer ikkje det grann.  Det går fint å strikka etter.  Digge desse grå plagga med elefantar på!


Den kjolen som heng nederst her, den strikka eg for 28 år siden. I dag er den dokkekle.


Eg hadde meg ein tur til handlesenteret vårt i dag.  Litt innen hobby og kos, fekk være med heim i posane mine.

Rosa Pelargonia, har fått kome inn frå drivhuset.  Den er i kontrast til brunt og grått - men, gjer meg minner om sommaren som er flydd forbi.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...