10/05/2013

Siste strikk ut...

Har ikkje gitt meg heilt med reveluer.  Fant ut at teksten måtte bli rett, for ein gongs skuld (sjå sist blogg, om du lure?)  Googla fox, på Ravelry og då kom det opp monge motiv. Deriblant desse revane på rekke og rad.  Eg har berre bytta ut #-teikn mellom desse, med spørsmål. Og så har eg brodert auger og snuta med maskesting. Samt fletta og dusk i toppen, som min eigen vri.  Merino extra fine frå Drops er eit elastisk og mjukt garn.  Trur denna lua er passeleg til 8-9 år?? Men, har ikkje fått prøvd den på nokon.


 
 
Når vrangmaska var til Bergen sist- så hadde ho plukka med desse mønsterhefta ifrå Lang til meg.
Tusen takk!   Eg ser at Marthe Helgetun, må ha henta inspirasjon ifrå denna lua til sine barnemodellar.

 
 
Påverka av andres inspirasjon og smarte innkjøp, så berre måtte eg bestille meg strykemerker. Dei kom kjapt i postkassa - ein dag etter bestilt og betalt hos www.merkalt.no
 Eg har ein liten og roleg butikk på epla.no - trur eg kalle den og for strikkstraks. Her ein dagen fekk eg solgt eit par lyseblå utgåve av denna modellen eg strikke på nå. Det vil seie to par. Men, det andre paret har eg ikkje rett farge til--- i henda ennå.  Så eg "tørrstrikke" og trene på mønsteret til Amy Palmer, enn så lenge.  Amy, fekk dessverre ikkje lov å gje meg tilatelse til å kome med Norsk oversettelse.  Ho har publisert desse i Knits Weekend, dec. 2010
 

2 kommentarer:

  1. Likar veldig godt sokkane du strikkar, dei er lekre i designet. Også hua er fin! Nye mønster er alltid kjekt å få, særskilt for oss som les strikkeoppskrifter som skjønnlitteratur.

    SvarSlett
  2. Nok en fin lue. Og lekre sokker :)
    Veldig kjekke navnelapper du har kjøpt deg.

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...