10/25/2013

--- slik vart det med knappane!

Eldstedotter Monica, fekk pålagt å handla for mor i dag.  Ho strikke jo mykje sjølv  og har sans for knappar.   Eg var glad ho fekk oppgåva!  Dei passa perfekt til ei vinterleg jakke.
     Leika meg litt med effektar på kamera   - difor snøprikkar på foto !
Eg er håplaus med å snoke opp  linkar og godbetar som dukke opp på nettet.  Knappar for ein 50 kr - sendt ifrå Danmark.   Arwetta, er eit herleg garn,  likar kjempegodt.  Kom kjapt i posten.  Mangler nokre nøster støvblå, men dei vert snart ettersendt.  Ei lita hand følgte med - som takk for bestillinga hos www.godsomull.com  på handa står det det " made by hand"

Like og godt garn i frå garnstudio/Drops. Glede meg til å bruka Cotton Merino - mjukt og fint. 

2 kommentarer:

  1. Det blei supre knappar til jakken! Herleg garn du har handla, det blei nokre nøster på meg og ;)

    SvarSlett
  2. Så fin jakke, og knappane er prikken over i'en på dette plagget.
    Mykje flott garn du kjem til å kosa deg med. Vi er heldige som får kosa oss med bileta av det du lagar.

    SvarSlett

Wiolagenseren

... så måtte eg berre strikka Wiolagenseren.  Har lenge tenkt på den.  Men, garn til pinnemål 10 mm ???  .....  Jo, fant ut til slutt, kva ...