11/23/2013

--- om eg har lært og forstått?

Sei, da!!  Men, er iallefall takknemleg for son vår, Jøran --- som har nå fixa og triksa   - så mor kan blogga igjen! Eg måtte visst til med google sin egen nettlesar, noko eg som sagt ikkje forstår meg på.  Da eg skjøne er to rette og to vrange, samt fastmasker og slikt.  Eg har hatt ei veke pause ifrå kjolen/tunikaen.  To Damer og eit butikk i Fredrikstad, Flamingo garn og hobby ---  skal begge sende meg Karisma i både meir marineblått og kontrastfargar eg vil ha på bærestykket.  Ingen ting er komen fram til mi adresse ennå, så då har eg funne på anna "tuttel"!
                                    Krabbelure skjule målbånd.  Eg valgte å ha inntrekksknappen, åpen bak.

                                 Ikkje brosje- men trekk til målbånd blei det utav denne fine bamsen i frå siste Dilla. Her og mønster på nokre lekre vottar med hus på --- som fristas til å strikka.
    Så fant eg fram eit luksusgarn eg har  gjøymt på Heritage Paint ifrå Cascade Yarn.  Eg brukte og nokre sølvperler og hekla dei inn etterkvart.  Det går så fint med heklenål på 0,5 mm. Trer perla på heklenåla, så igjennom den maska kor perla skal være, strikke så den og vidare.  Treng ikkje nål og tråd, jippi.
                                          Toppen på lua og sidene, innbretta.  Brukte mønster ifrå den kjolen eg helde på med.  Berre modifiserte litt - lengre med fletter og putta inn perler.

                           I veka, kjøpte eg meg sjølv ein hengande vrifrukt, samt rosebukett.  Tykje eg fortene da, har hatt det så travelt.  Spesielt på jobb, grunna  fleire sjuke og manko på vikarar. Trives godt i jobben, men ikkje å ha det travelt.  For tida er skuldrene longt opp mot øyreflippane! 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...