11/30/2013

Skjult kakeboks

Går jo ikkje ann å ha ein gul kakeboks framme nå??  Nei, no som eg har pynta med lilla, stjerne og lys - så måtte eit tiltak  gjerast på "nødbaksten"!  Eg strikka Setedalsmønster i bomullsgarn, for ei tid tilbake.  Da vart berre liggande i "tølene".   Passa akkurat til Freia boksen.  Lokket fekk tavlefolie klistra på. Mannen er elektrikkar, og han hadde hjelpemiddel til kanten av lokket; wulktape.

         
Ikkje så godt foto, men er fornøgd med trollhassel og lyslenke på den. 
                                              Pakka 12 små gåver til juleavslutning for barnelag.

Adventsgåve til meg sjølv - Eyvinds  Hellstrøms nye kokebok.  Eit kapittel med lokal kjendisbakar! 


2 kommentarer:

  1. Det blei eit supert trekk til kakeboksen din!
    Det er ei koseleg tid me er inne i no, god advent :)

    SvarSlett
  2. Oj, nå kom jeg på hva som mangler i entreèn, hasselgreina med julekulene! Takk for påminnelsen Linda :) kos blogg du lager, toppers kakeboks :)

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...