12/16/2013

Fornya knappar og nye knappar

Her ein dag så fant eg ei gammal jakke eg strikka då det var in med flaggermusarmar -( på 80-90 talet??) Den er i bomull/lin-garn og eg like den godt.  Nå har eg spretta av kjedelege treknappar og sydd på nye glitrande blå.  Dei gav plagget ny tøtch??!    
 Dei gamle treknappane fekk eit lag med svart acrylmaling (kjøpt på Europris) og eit lag med glitterlakk.  Desse skal pynta nokre av dei sokkane eg strikke på bestilling - held på med 4.paret. Men, kjolen har første prioritet. Ligge godt ann - trur eg?!  Har mykje å ordna med nå før Jul, så strikkeøktene vert ikkje lange!

Knappar kjøpt frå ei dame i Danmark - rask levert og ikkje dyrt. Her er for ein dansk hundrings (med porto)

Litt småkjøp på nettet, høyrer med i adventstida.  Skal jo ha litt adventskos eg og? Meg som  ordne og stelle med det mesta her i hus, ja då er det kjekt med slike sjølvkjøpte gåver! Pickles, hadde prosjektbag til 1 kr stk.  Dei er greie å bruke istaden for plastposane.  

I dag handla eg dei siste julegåvene- og puster letta ut.  Denna veggen/skjermbrettet stod så fint på Kid til halv pris.  Godt eg har stor bil - for da måtte vere med heim!!.  Nå har eg vaska og pynta litt til ungdomen vår kjem heim! Veggen skjule ei seng i kjellarstova!   Nå gjenstår det ellers mykje rydding og vask - samt bakst - ---  med monge små pausar og julamusikk!  

2 kommentarer:

  1. Du er så flink til å nytta ting, og fint blir det. Eg hadde aldri kome på å mala knappar, det var lurt!
    Det blir vasking og pynting her og denne veka. Og så fekk eg eit kjekt brev før helga, tusen takk, du er snill :))

    SvarSlett
  2. Du er neimen ikke rådlaus. Takk for tips med maling og lakk. Fortsatt god førjulstid.

    SvarSlett

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...