12/11/2013

Tom for garn, igjen!

At det går ann???  Jo,  det er jo meg i eit nøtaskall.  Mangle halvt nøsta kvit Karisma, for å få ermar ferdige, til kjolen . Ikkje rart det tar lengre tid med meg, enn vanleg???  Nå har eg lagt inn bestilling hos "Nøstenett" - samt litt meir i Lima.   Kvifor da trur du*? - jo, har fått ein stor bestilling på *"amy-sokkane" eg har strikka nokre par av etter kvart.  Dei er kjempefine i da garnet og eg har tilpassa oppskrifta- til mitt bruk.  Det går jo litt knappar og med til desse - så "strikkstraks" må legga inn ein bestilling ifrå Danmark.  Huske desverre ikkje adressa til å linka der - går via facebook'en eg.
 Mest så eg lure på å berre strikke vrangbord rundt ermhola og ha kjolen slik--- iallefall viss ermane blir for tronge?!?!
 5 par vil ei dame frå nord ha- og heldst før Jul!?!  Men, da greie eg nok ikkje, så ho får vente til januar/februar. 

 Gratulera med dagen til dotter Sandra - idag er ho 25 år.  Historiske tall 11.12.13        Denne engelen i papp fekk ho i gåve, av mi venninne K.   Skulle vore kjekt å veta kor tid den er ifrå,--- for trur den er eldre enn Sandra?!     Då fekk eg melding om at engelen er sannsynleg ifrå 50-talet.  Den vart solgt i ein butikk på Dragør/Danmark.  Kjempefint å vite!!
 Så kjekt å sjå at eg får til, Amaryllis.  Heile 5 blomeknoppar har eg på planta.  Mykje for pengene - då den kosta kr 39 på Rema.
Så koser eg meg med å kikke i julemagasin.  Gamle som nye.  MbyM er jo ikkje direkte Jul då.  Det er varierande arbeid i denna utgåve.  Mest barnekleda som fenga meg.  Då dei kjolane ifrå Sissel J. Høivik.  Fine!!  Ellers var det ein strikkepinne med bladet - det veide jo opp for prisen!

2 kommentarer:

  1. Oj, oj Linda, det er kjedeleg å gå tom for garn, tenker du har lyst til å bli ferdig med kjolen.
    Den ser flott ut, du vil kle dei fine fargane :)
    Det er mange år sidan eg hadde amaryllis, det er flotte planter! Den har nok fått godt stell hos deg.
    Du får kosa deg med sokkestrikk ;)

    SvarSlett
  2. Ja, det er det eg seier, du har smitta meg med Gå-tom-for-garn-syken! Dumt eg ikkje hadde rette kvitfargen i lageret, men det er jo alltid kjekt å kunna bestilla seg garn:) Og tenke dei fem para med sokkar er ferdige i løpet av neste veka eg...

    SvarSlett

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...