1/15/2014

Amy-sokkar til meg sjølv!

Tenkte at eg må jo ha desse sokkane eg og?!.. Har strikka iallefall 10 eksemplar.  Desse er strikka i Regia's iglu color. Det er litt dyrare garn enn Lima, men pinnefastheten er den samme.  Det står på bandet at dei lover 10 års garanti,--- så herved er dagen notert for 1.gongs bruk.  Hehe  spørs om eg huske om 10 år???

 Ein hals i bomullsgarn frå Ice.  Absolutt fin for dei som ikkje tåler ull eller alpakka på huden. Denne er berre strikka i 1 r og 1 vr, rundt i ca 35 cm.   (La opp 74 masker)
    Me har hatt kalde dagar   - heilt herleg å sjå sola - om den ikkje skine så lenge i gongen (gøymd bakom nokre fjelltoppar)       Har vore gått å koma ut på tur uten støvlar og regnklær.

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...