1/20/2014

Endeleg prøvd nokre lagra oppskrifter

Trur eg hekla desse tøflene og tova dei ein gong, men ei stund si da og no - så mønster kom fram fra permen. Det er amerikansk og endeleg greit med oversettelsar. Men, når eg hekle tøfler så forskyve da  seg -der tåfelling skal være - så det blir ein del opprekking.  Dessa er hekla i dobbelt superwash garn.  Dei vart store- kansje 41 str. vil passa.  Då eg oppdaga det, så orka eg ikkje rekke opp meir.  Havne nok i "Epla-butikken"...
   På strikkesida i fjor, var det ei som kom med mønster på detta trekket - til tennbrikker!  Eg har strikka i Karisma, og brukte eit nøsta til grunnfargen som er grøn/turkis og 40 gram til mønsteret- i kokosgrått. Boksen vår til tennbrikker, treng ikkje lengre gøymast vekk i ei krå!
 Sist helg, byrja eg på denna teddybjørnen. Gratis mønster på nettet, frå Debbie Bliss. Eg slapp opp for Symphonigarnet. Men, dotter Monica, har ein rest-- så det bergar seg. Teddyen må berre vente litt!

1 kommentar:

  1. Tøflene dine var fine på fasong, synd dei blei for store til deg.
    Fine arbeid du jobber med, bamsen såg mjuk og god ut.
    Skal du på tur til Bergen, eg er ikkje sikker på om eg får det til?

    SvarSlett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...