1/07/2014

Ikkje kofta, men vest

Mixa og triksa - det er kjekt!  Likte godt "hestekofta", som det var mønster i LevLandlig 6/2013 (gratis mønster og på fb- strikkesida,  samt den er i eit av Ukeblada denne veka)     Jakke er eit plagg eg like godt, men og vesten.  Så greit å pynte ein topp eller bluse med, når ein ikkje treng å bli for varm.  Iallefall slik i mitt yrke.  
     Så då denna vesten i frå Strikkemagasin høst, 2010 --- og masketalet stemde----- jau, så dura i veg.  Og heller ikkje brukte eg garnforslag, på kofte eller vest.  Gjekk for Malsen og Mor og Holst garn.  Det er omlag identisk ullgarn frå Shetland.  MEN, det må seiast, noko herk å strikka med.   Garnet er voksa, slik at det kan nyttast i strikkemaskin.  Dette løyse seg opp i vask og blir lent og mjukt.  Var iallefall vanskeleg for meg å strikka mønster med det.   Kansje difor og eg lar være å lage ermer??  Har egentlig garn nok! Sikkert til ein vest til og, men ikkje tale om ein gong.  Skal heller strikka nokre lange pulsvanter og forlenga vesten med, på kalde dagar!   




 Detta garnet er og tøvbart.  Ein vest eg strikka for nokre år si, passe meg betre nå etter lett toving. Den vart for vid over skuldrane.  Eit sjangsespel å tove, men, av og til må man berre våge!

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...