1/17/2014

Juksefletter

Har strikka nokre sokkar etter tysk mønster bakpå garnbandet.  Det var diagram, og egentlig enkelt å følga, men stod fast i eit v-symbol med forklaring querfaden.  Då var det godt å kunne sende spørsmål til Zirkona og få raskt svar at det betydde tverrtråden.  Gjekk kjapt å strikka rapportane og likte desse "flettene" godt. Eg brukte eit garn kjøpt på salg som heiter Regia Ragge-Yarn.  Brukte 150 gram og pinne nr 4,5 mm.
Trenge ikkje hjelpepinne. Mønsteret går i rapportar på 6 m (Eg brukte 48 på desse sokkane) Skal prøva å forklara - 1. omg. Begynn med 1 vrang,(alltid vrang på rettsida og rett på vrangsida- den er skille mellom rapp.) Så 2 rett, 2 sm, 1 rett og lag ei ny maske i tverrtråden før neste rapport. Strikk 2 omg. 1 vr, 5 rette ( kvar partalspinne blir slik) 3. omg. 1 vr, 1 rett, 2 rett sm., 1 rett, ta opp m i tverrtråden, 1 m rett og fortsett slik med nye rapportar. Partalsomg. 5.omg. 1 vr, 2 rett sm, 1 r m, ta opp tverrtråden og lag ny m, 2 rette m. (= ein rapport) Så partalsomg. før du starte på 1. omg. igjen. Går kjapt å strikka og blir fine fletter, både til sokkar, vottar, luer --- etc etc.


 Postglede her ein dagen:- kjapp levering frå Marthe Helgetun - då eg trong eit garnnøsta med alpakka og nokre knappar.  Sjekk dei store trykk-knappane (planar o m å ha dei på ei sid jakke) Notisboka er jo berre lekker!  Faller for slikt eg-- "svak som eg er"!
 Nå strikke eg på mitt aller første Marius-mønster.  Heilt sant!!  Spent på garnet ifrå Sandnes;  strømpealpakka! 
Snart skal eg ut på tur, ilag med ei venninne.  Sjølv om det blåse kraftig her idag og.  Iallefall ikkje regn- det er ein god ting! Eg får kle meg godt med heimestrikka ulljakke, lue og vottar.  God helg!

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...