2/19/2014

Blogg på blogg

Alle idear og inspirasjon, gjer meg glad og sprudlande. Har ikkje lyst å stoppa heller.  Det er så mykje glede i garn og alle fargane!!!  Som idag, då det låg pakke i posten med "Kvikk-lunsj"-settet, eg hadde tinga hjå "Vetlaløo" i Odda.   Såg at dei hadde desse pakkane på Hillesvåg og.   Vetlaløo har eige webside:
     www.vetla.no      Eg må sitere litt av ei flott dikt dei har i info.brosjyra si:

                                      Dagen står der i min dørsprekk,
                                      venter på å komme inn
                                      Fulle av blanke, rene sider
                                      med all verdens farger til.

                                     Hvordan kan jeg best utnytte
                                     denne gaven jeg har fått?
                                     Jeg må velge varme farger!
                                     IKKE farge arket grått!   (  3 fine vers til)

 På kistebunn har eg ein OL-genser frå Lillehammer.  Den er stor og lite brukt. Eg føler meg mest kompf. med jakker/kofter.  Vurdere å setje i glidelås, men held meg sjølv hardt tilbake.  Trur nok han J. eldsteson, ville likt denna??!  Genseren er kjøpt hos Dale, ikkje meg som har strikka den.


Hm...hm... dette er og forblir ein ufo.  Dreambird, var slett ikkje noko kjekt strikketøy.  Veit eg har gjordt ein feil øverst.  Det forskyver seg ikkje der, og vil dermed ikkje verta noko skjerf.  Kan få hjelp ,veit eg, av andre som har strikka detta sjalet.  Men, da får venta!

Pusler med litt luestrikk til "leger uten grenser" Denna blei noko knapp, i manko på garn.  Har juksa litt med kvit merino og litt meir felling i toppen.

  Igår såg eg over garn som kunne strikkast på pinnemål 5-6 mm.  Trur eg skal klare å strikka meg ei liknande jakke.  Dog med litt variable fargar!  
                          

2 kommentarer:

  1. Så dumt med dreambirden din, men håper du kjem i gang igjen ;)
    Små huer er ein fin måte å nytta restegarn på, og snart har du ein kvikklunsj klar! OL hua di blei og fin.
    Blir spennande å sjå kossen jakka di blir, fin mønster :)

    SvarSlett
  2. Hender man må ta litt pauser, så plutselig får du det til - og kjenner jeg deg rett, så får du det nok til etter en stunds hvile :) koselig blogg å lese, har tenkt på dette med restgarn og småplagg til andre land jeg også, men det har blitt med tanken - kunne sikkert tatt meg selv i nakken der også, handler jo om prioritering som masse annet egentlig... Vel, ha ei riktig god helg når du kommer dit hen Linda

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...