2/28/2014

Kvikk-lunsj, vesleku og svarte blomar

Eit samensurium av "tuttel" !!  Men, slikt trives jo eg med! Har ikkje vore mykje vinterferie på meg denna veka.  Travelt med mitt løna arbeid.  Greit å kvile med strikkepinnane då.  Idag har eg fri- men, må gjere litt på heimebane.  Får besøk i helga av min lillebror og son hans.
Denna er strikka i herrestørrelsen.  Hjertegarn frå Hifa

                                             Mini-duett, er brukt i denne lua til "leger uten grenser"
    Veslekua er Jorids design.  Hun er makeløs med sine fine mønstrar.
Sydde på to blomar på kvar arm + ein midt bak på ryggen. Takk for tips Wenche! Detta blei litt diskre, men allikavell slik eg likar! 

Koselege Rigmor, passa på at eg får nye tips til mønstersamlinga mi.  Ho har mykje meir utvalg der i Trondheim.  Detta bladet, Filati - er tysk .  Reine sider med mønster, ikkje mykje reklame. Nokre av diagramma er lette å følga. 

Skal snart gå igong å vinna opp detta ekslusiva garnet.  Kjøpte det hos Oddruns Atelier i Trondheim i fjor.  Det er blanding av silke/merino. Farga for hand.  700 meter på 100 gram--- det er drøyt det! Har planar om nokre vottar ifrå Gotland.

2 kommentarer:

  1. Kjekt du er fornøgd med jakken, og rosene var fine :)
    Det er kjekt med småputtel av og til, og du har strikka fine luer :)
    God helg og kos deg med besøk!

    SvarSlett
  2. Glømde dei koselege vottane, fine!!

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...