2/10/2014

Vinterland på votter

Noko så idyllisk og fine vottar--  ---  har eg sjelden sett.  Vart så fengsla av oppskrifta at eg måtte berre strikke fort for å sjå resultatet.  Brukte Rauma finullgarn.  Men, trur eg kunne ha brukt Arwetta--  som eg er blitt så glad i.  Det har nokre fine fargar, som kunne passa veldig fint.  Eine tommel fekk årstall på seg.  Wenche S. Roald, lagde mønsteret i 2010 og det kan kjøpast på Ravelry.  Hun har og nokre gratis vottar med Dala-hesten.

På mønsteret stod det eit dikt av Johan Nordahl Brun - som passer seg at eg sitere her;
          Min norske vinter er saa vakker;
          de hvide sneebedækte bakker,
          og grønne gran med pudret haar,
           og trofast is paa dybe vande,
           og engledrakt på nøgne strande;
           jeg bytter neppe mod en vaar.

 I kveld har eg slappa av med siste utgåve av detta bladet.
      Monge lekre oppskrifter for dei som har "smekker" kropp. Kansje meir til herrer denne gong (positivt)
     Likte godt reportasje om danske Christel Sayfarth og hennes imponerande strikkeplagg
   Fant detta sjalet då eg googla namnet til Christel Sayfarth.  Ho bruker flotte fargar.

  1. I helga var det morsdag to dagar på rad for meg!!!  Fekk trøstepremien eg vant på "vrangmaska" sin tippekonkurranse i vinter. Eg klarde å gjetta at ho hadde 135 kg - garn lagra heime hjå seg.  Det er vell det man kan kalle garnsamlar??!  Egentlig + 25 gram - då. Hyggeleg med besøk av J og døtrene! 
       


Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...