3/25/2014

Gåve til ein gut

Har lenge søkt etter mønsteret på ei spesiell lua eg fant på Ravelry.  Det er ei finsk dame (Lene Alve)som har strikka både jakke og lue.  Men, eg finn berre kjøpemønster på jakka til "pikku-pete".  Difor har eg telt og studert bilder av lua og strikka etter beste evne.  Brukt CottonMerino (Drops).  3 nøster til både jakka og lua.  (ca 3-6 mnd str.) Men, får ikkje til å sy fint,- det litla broderiet som skal være oppi kvar side av lua. Tar imot idear til kva eg kan gjere her. Jakka er etter oppskrift frå Pingouin-hefte.  Berre med direkte raglan felling og innstr. armar.    Då kan eg ynskje "lykkeliten" -fødd i mars- velkomen! 


No skine sola hos oss--- og det klør faktisk til å gå ut å gjere noko i hagen.  Så ikkje sikkert det blir så mykje strikking med meg framover??!!  Har ein plan om å strikka desse fine sokkane hu Hilde Fjellberg Aas, har designa.  Kjøpte mønsteret på Norsk---  Ravelry.

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...