3/21/2014

Heilt sprøtt!

- og venninne "besvime" nesten av mine påfunn. Men, skoy ? JA!  Såg nokre morsomme sokkar for eit års tid si- på nettet.  Kunne ikkje gløyma dei, og satte endeleg i gong med å strikka meg slike sokkar med tær og "lakk".  Fant grei oppskrift i Dropsheftet 110/33 (modell 33110, heiter dei kansje i søk på garnstudio sine sider?) 

 Da var heilt umulig å finna hudfarga sokkegarn- eller svak rosa.  Så eg måtte bruke ein kool-aid (bruspulver) og farge dei sjølv.  Fargen heiter grape.  Dei blei litt skjoldete, men da berre forsterke at dei er rare.  Kunne iallefall ikkje være så bleike som før farging.  Broderte  neglene på, før trådar vart festa.  Då kom eg betre til i dei små tærne. Ikkje noko fornuftige strikke- sokkar, men greie når eg skal kle meg ut - eller være Fru Spjåk i festlig lag! Var ikkje vonde å ha på, viss du skulle lura på da?!!  
Brukte 100 gram Ida strømpegarn i str. 39/40


Lett solbrente legger.... eller rosèn??? :D

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...