3/10/2014

Snellevotten

Har vore på pinnane mine ( 2,5 mm).  Valgte garnet ifrå Holst/Danmark - for det passa utmerka med sine tynne fibrar.  Litt kvast garn, men etter kjapp vask og damp, så er det mjukt og herleg. 
      Noko tankebry blei det, med den høgre votten.  Den skulle strikkast spegelvendt- altså ifrå venstre mot høgre.   Naudsynt med ark over kvar mønsterlinje då, ja.   Eg er så heldig å kjenna dama bak denna votten. Og veit godt historia.  Den vart laga til forumet "Trådsnella" - og vart samstrikka i ein "along" (kjem av engelsk uttryk; knit along)  No kjenner eg meg ikkje heime i Trådsnella lengre.  Dei har atter "revidert" hobbyforumet, som tilhøyrer forlaget bak Hjemmet.   Nei, Trådsnella vert aldri det same for meg, men du så glad eg er at eg fekk med meg gullåra der.  Så monge vener og strikkeglede eg har fått frå den tida. Tenker eg blir meir aktiv på Ravelry - der du og kan kjøpa mønsteret til votten.
http://www.ravelry.com/patterns/library/snellevotten          

gøy med annleis mønster på innsida av votten

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...