3/19/2014

Strikka Dublin cap

----  etter 6 tettskrevne sider med engelsk, så føler eg meg umåteleg stolt!!!  Eg falt for desse strikka luene på Ravelry.  "Wooly Bear hand knit" - design. Mønsteret kan kjøpast på Ravelry:
    http://www.ravelry.com/designers/cheryl-andrews
  
Cheryl, var så grei.  Då hu såg eg hadde kjøpt mønsteret hennar, så tilbudde hu å senda fleire bilder på e-post.  Her synte ho veg i vellinga, og eg skjønte betre mønsteret. Iallefall var det ark over linje for linje og ikkje arbeid eg kunne dure i veg med forran Tv'n.   Eg strikka i Viking sitt garn; Milk&Honey (blanding av melkefiber og bomull)  Desverre utgått.  Men, veldig greit for gutar som klør av ull!!  Veit ikkje kven eg har strikka cap'en til.  Kansje liten, har berre for prøvd på detta isoporhodet.


Dumt at kamuflasjefargane kamuflere flettemønsteret som går oppå cap'sen og på sidene. 
                             Av same garnet, så hekla eg ei lua til han Ådne på 3 år.  Festleg kor han gjekk inn i rollen som blårev, eller Husky-hund???   "Whatever"

Mønsteret til lua, er i siste utgåve av MbyM.  Ikkje snuta- den har eg funne på. 

2 kommentarer:

  1. Så stilige huer! Bra gjordt å tolka engelsk oppskrift! Fin fasong på capsen.
    Revehua var festleg, heilt sikkert ein favoritt ;)
    Hello Kittyjakka i forrige innlegg var og kjempefin, alle småjenter`s drøm ;)

    SvarSlett
  2. Stilig caps!
    Erfaringen min tilsier at fletter og flerfarget garn ikke er en god kombinasjon.. ;)
    Flettene viser alt for lite igjen.

    SvarSlett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...