4/29/2014

Forsinka idè

For nokre år si, så strikka eg ei jakke etter mønster av Debbie Bliss.  Den vart fin i cotton/viscose frå Drops, men svært vid over bringa og ryggen.  Det irriterte meg såpass at eg har spunne på idear om å sy med maskin, eller snurpe for hand.  Heldigvis at eg ikkje gjorde det så tungvint, for løysinga var så enkel som å tre inn organza og silkebånd i bærestykket.  Jakka fekk løftet den trong, uten for mykje mikkmakk.  No heng ho fint på plass over skuldrane og eg vil nok slite ho ut meir! "Att eg ikkje kom på da før????"
Strikketøyet, matche dei sarte fargane i jakka.  Eg må berre ha meg longe kosesokkar ifrå "Garnglede i Rosendal".
                        Minsteson er russ i vår -  så da får bli ein fargeklatt i bloggen "na mor"!


4 kommentarer:

  1. Dei to fargane på sokkane blei kjempefine i lag. Bedre enn eg hadde sett føre meg når du starta. Og så bra at ideen på jakka funka.

    SvarSlett
  2. Du er eit oppkome av idear , så smart det var med jakken ! Gode og varme kosesokkar du har laga deg, den boka står på ønskelista mi. Koselegt med "minsteguten" som russ ! Ha ein fin dag vidare !

    SvarSlett
  3. Kjempelurt med det båndet i jakken - skal ikke så mye til gitt! :) ser herlig ut den jakka.... og de sokkene blir jo aldeles i stil til det andre :)

    SvarSlett
  4. Så greit at du fant en enkel løsning for å tilpasse jakken!
    Tror jeg må leite fram "Garnglede i Rosendal"... Flott mønster!
    Hils russeungdommen :)

    SvarSlett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...