4/23/2014

Inspirert og hekta

Mønsteret "ny Telemark" - som Turid Lindeland, bruker i boka si "Garnglede i Rosendal"  - er eg hekta på.  Har lyst å strikke meg dei longe sokkane i boka, men ville først trene inn mønsteret.  Valgte derfor å strikka nokre mindre utgåver av oppbevaringsposane ho har med i boka.  Hadde litt Karisma på lageret mitt. Brukte pinnemål 4 mm og 140 masker.  Gjekk nesten med 200 gram til kvart nett.  Monterte eit elastisk fòr inni, og hekla snorene. 


Detta skal bli putetrekk.  Legg merke til på midten.  Her har eg gått bort frå min standard!!! Holder som regel bunnfargen ytterst på peikefinger, men her har eg snudd og tatt mønsterfargen ytterst. Litt av årsaken er og at det grå garnet er tjukkare enn det grøna. 

 Ei herleg tid, der alt "springer" ut - og utelivet blir prioritert - så longt det lar seg gjere!
"Det beste i livet, er gratis"!   (Lukke å gå på tur med barnebarna og finne granlavo på Åsen.

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...