5/23/2014

Garn og meir garn

Eg har igrunn vore verkleg flink å strikka ut av lager i vår.  Men, idag auka det - og det med godt samvet! Gløymde kamera heime, så her blir det foto av det som vart med heim i posar og nett, i Odda.  Først nede ved sjøen og så opp til "Vetlaløå" på Mansaaker.    Trivelig gjeng på 4 damer, sat og strikka saman- såpass lenge at sola kom fram! Dagen byrja med regn!  

Ikkje så mykje garn eg kjøpte på Vetlaløa, igrunn.  Men, det var andre godbetar der og!!!  Som eple-instant te (boksen) Tips som eg fekk, ved betaling:  Bruk litt instant-te i kremen når du baker Pavlova-kake - gjer kjempegod smak!  Nettet bak, fekk me kvart vårt i gåve.  Kansje fordi me gav uttrykk for at me kosa oss??!  Føler iallefall at her vil eg koma igjen! 

 Til og med ein tur innom drivhuset, bevilga eg meg.  Kjekt å kome heim med jordbærampel og Pelargonia, samt kassar og nips!

Då eg kom heim var pakka frå Pickles.no komen---  og her var det mykje herlig garn.

strikketøy for tida;  pulsvanter med paljetter.  Flettestrikk nederst er likt på begge sider. Då kan eg brette opp, og få ein kort variant

5 kommentarer:

  1. Oj, oj, her var det mykje lekkert garn! Høyres koseleg ut på Vetlaløo, håper eg får innom der ein gang...
    Flettemønster på begge sider?? Strikker fram og tilbake då?
    God helg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Wenche! Takk for kommentar! Ja, eg strikker fram og tilbake, men det går ann å strikka rundt og. Kunsten bak fletter på begge sider, er at du strikker heile tida 1 rett og 1 vrang- også i flettene. Skal prøve å finne fram ei skjerf med flette i kantane og linke til det. (engelsk oppskrift, trur eg - men, ikkje verre enn at du vil forstå.

      Slett
    2. Sendte litt info på e-post til deg, Wenche. Veit ikkje om eg har lov å legge oppskrifta ut offentleg her!

      Slett
    3. Hei Linda! Takk for svar, trur eg forstår teknikken. Eg har ikkje fått nokon mail fra deg, adr mi er wjdale@hotmail.no

      Slett
  2. Ser ut som du har hatt en herlig dag ja! Så mye lekkert du har kjøpt! :)
    Den teen er jo sååå god! Og så snill garnbutikk som ga deg en gave :)
    Lekre pulsvanter, nydelig farge :) Har aldri strikka med det garnet, men har hørt det er deilig og mykt :)
    Håper du får en fortsatt koselig kveld og en flott kristi himmelfart imorgen :)

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...