5/02/2014

Longe kosesokkar, ferdig

Og eg er svært nøgd med dei.  Kunne kansje vore enda lengre og litt romslegare. Men, nå slepp eg sokkesig, kan du sei!!  Arwetta som eg brukte istaden for Sisu, er noko tynnare garn, men desto meir lent og mjukt.
Sart lilla og grått - noko for pastelldama Linda, det!!!

No er eg litt opprådd for kva ide eg skal til med - men, da dukka opp ein plan.  Kansje gjere noko husleg først - da hopar seg opp med oppgåver når ein har hus og hage!!!  Her ein dagen måtte Jan, i stigen og skrape vindu.  Dei skrik etter maling.  Eg hadde plan om å gjera dette - like å sysle med vaktmesteroppgåver. Da var berre enkelt og greit ikkje snakk om å klara det - på grunn av øyreverk.  Den har slått meg ut nokre dagar i denna veka.  Går greit å ta ein paraseth og sove da vekk - men, merker at den ligger på lur - plagå!

Fuccia, kjøpt på Europris for 39,90 --  det er ein fin snopepose! God helg - og tusen takk for hyggeleg kommentarar i bloggen min! 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...