5/18/2014

Til ein bitteliten!

Så blei det babystrikk på pinnane, igjen.  Hadde to nøster baby-merino frå Pickles. Dei holdt akkurat til den vesle bodyen og kanintøflene, henta ifrå engelsk babyhefte.  Ein rest sandfarga angora vart til kanin.  Oppskrifta var til prematurborn. Eg forlenga litt, slik at den kan nok passe nyfødd.  Enkel å ta på. Knappar både oppe, nede og i sidene.  Trur eg må prøve ein til slik i tynt bomullsgarn. Var kjapp og kjekk å strikka! 


Magnolia-tre har aldri blomstra så rikt som i vår.  Vinden idag, tar med seg dei lange kronbladene. Dei har omtrent same farge som dei rosa blomane på denne jordbærplanta.  (og nesten som geleen på ostekaka, me fekk av Jane :) Tusen takk- den smakte så godt at det er snart ikkje meir igjen!!!!


4 kommentarer:

  1. En kjekk, liten body med herlige sokker til :)
    Får følelsen av at det er sommer når jeg ser de vakre blomstene dine!

    SvarSlett
  2. Ser eg gler meg til utestrikk hos deg når du viser fram all denne blomeprakten. Godt kaka (kakeresten) smakte:)

    SvarSlett
  3. Så søt liten body og tøfler du har strikka i ein fart!
    Nydelege blomster du har, er visst ikkje lenge til du kan hausta jordbær ;)

    SvarSlett
  4. Nydelig babytøy du lager :) og en koselig blogg :)

    SvarSlett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...