6/27/2014

Garn som souvenier?!

Tja- kvifor ikkje??  Etter ein tredagers tur til mor og far på Karmøy,- så vart det mykje rart med heim i stasjonsvogna.   Mest av alt likte eg å få besøke tanter, onkel, bror,svigerinne og foreldra- sjølvsagt.  "Lånte" med meg Hilde på turen.  Da gjekk så fint med så grei og kjekk jente.  Lika å sove over hos oldeforeldra. Kansje ikkje fullt så kjekt siste kveld då ho fant på å putta ein dekorasjonsstein i nasa??  Stor lettelse då mormora klarte å lirka den ut med pinsett.  Sparte oss for ein tur til legevakten-seint på kvelden!!! 

Ute i Skudeneshavn- har dei så fine gamle hus.  Men, og "handlehuset"!!!  Der snopa eg garn for ein 1000-lapp.  Trur han kremmaren der såg ei med garndilla? -og gjekk på med stø hand. Peika fram godbetar på salg,-  som Hjertegarn sitt alpakkagarn og Fin med glitter - på salg.  Ellers vanka jo og andre nøster med i heile to fulle bag'ar.   Dei har og nettbutikk,- slik at det er nevnt ;)  http://www.handlehuset.no/specials 


Ein liten tur innom Åkrasanden fekk me "tøttene" og tid til.  Synd at den kalde nordavinden øydelegg så mykje for badelivet-- for her kunne ein tru ein var på Maldivene??  (ikkje palmer å sjå, altså)



Må nesten strikka meg ei slik??  


foreldra mine har potteroser på sin altan- kjempefine !

Utenlandske og Norske skip, seglar stadig forbi i Karmsundet. Hilde, oppdaga denna kvita "ferja" (som ho kalla den)

4 kommentarer:

  1. Så flott tur de jentene har hatt! Koselig med eit avbrekk i kvardagen. Mykje fint garn du har fått med deg heim, har høyrt om den butikken frå ei venninne. Ein eller annan gong skal eg nok besøke den.

    Ønskjer deg ei fin helg!

    SvarSlett
  2. For ein kjekke tur dåke har hatt ! Kjekt å ha Hilde med på slektsbesøk og ! Ho er blitt stor jenta no, og synest sikkert det er stas å ha mormor heilt for seg sjølv ! Det ser ut som Syden på den stranda, men kjedeligt med vinden. Nydelege bilder du deler med oss. Ha ei riktig god helg !

    SvarSlett
  3. Å, den garnbutikken skulle eg gjerne vore innom. Hadde sikkert gjort gode penger på meg og...

    SvarSlett
  4. Koseleg tur du og Hilde har hatt, kjekt med alleinetid med mormor.
    Og alt det herlege garnet du kjøpte, kunne tenkt meg ein tur innom den butikken!

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...