6/08/2014

Leketeppe til grindseng

Eg har lenge lurt på kva morgendagens 1-åring, skulle få i gåve av mormor (ein meir personlig ting i tillegg, liksom).    Hadde mykje bomullsgarn av merket Marks & Kattens - i grønt og blått.  Hekla først bakken med oppbrett, og så himmelen.  Då den vart ganske mørk,ja-  så måtte bildet bli meir nattleg av seg.  "Guten som aldri vil sove,   men ha med seg gleder og lykkestunder, kan pusla litt i senga med detta,  kansje?  Mogleg mamma eller pappa, må putte oppi dyra og ein tutt i lommene når Ian har sovna??   Knappar bakpå hengestroppene, slik at desse ikkje skal verta freistande å bita i.   Glede å laga slikt, i heil fri fantasi.  Litt hjelp med dyra ifrå detta vesla heftet frå "Det svarta fåret".   Traktoren må eg og hekle, men er tom for garn i rette fargen.  Går jo ann å få suplement seinare og, ikkje sant?!
Snudd 4.stropp med vilje, slik at du kan sjå knappen bak. 

Guten, kan og klatra i treet!

Saua, har eg juksa litt med- den er av eit stykke fuskepels med litt svart hekling. 

Gjerdet er ein detalj eg likte godt å få med.  Hadde ikkje raudt bomullsgarn,---så låve og hus er i filt, med kvite heklekantar.  Det går ann for ei trøtt sau, å smette innomhus. 

3 kommentarer:

  1. Du har mange gode idèer, denne blir kjekk å leka med :)
    Kjolen du har strikka var og kjempesøt :)

    SvarSlett
  2. Wow! For ett lekkert teppe til senga! :)
    Skikkelig artig! Og så spennende med dyra som stikker fram her og der :)
    Tusen takk for koselig kommentar i bloggen min :)
    Håper du får en fantastisk uke :)

    SvarSlett
  3. Så flott dette er til å pynte opp senga og barnerommet med. Du er god på slik "småputl" du Linda!

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...