6/20/2014

Lime & lemon-teppet, ferdig

Iallefall tenker eg på lime og sitronskiver, når eg ser på teppet!  Tok si tid å hekla detta- utav 200 gram tynn Abulita (Pickles).  Men, trur det vil bli lunt og greit å ha over babyen i bilstol, barnevogn eller vogge.
52 x 58 cm


Kvite nyanser i mitt nye garnkjøp, hos "ToDamer".  ( Gibsballongen bak er tenkt til neste Påske)

Gjenbruk av toppen til svigerinne S.  Den skreik etter å få være med heim til meg,- å få bli ei pute!!  

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...