7/13/2014

Babygåver for både jente og gut

Heklenåla og bomullsgarn er veldig greit å ha med ut- varme og late dagar!  Fekk nesten abstinens då eg "bare" broderte, her om dagane.   

Var så irriterte på siste utgåve av "Molly makes"--- og det eg trudde var oppskrift på oppbevaringsveske til strikkeklutar. Så viste det seg at det var reklame for "Familiens heklemagasin", og at oppskrifta var i det heftet.     Ein kunne laste ned gratis oppskrift hos familien.no - var ein tilleggsopplysing.   Jaha-  det prøvde jo eg å finna utav! Googla og leita gjennom Familien sine nettsider - uten resultat!   Difor i rein trass, hekla eg nokre firkantar - 32 x 32 cm - sydde delvis samen som konvolutt- og pynta med snorer.  I manko på silkeband for gut,- så vart den tvinna i bomullsgarn.  


Desse kom opp av seg sjølv då eg hekla i gult.   Tykjer sjølv dei er søte, iallefall!!

Kansje ikkje nødvendig, men det er og ein ekstra strikka klut med veskene

Gleder meg over hagehortensia, som kjem villig.  Flytta planta i fjor- med godt resultat!  

5 kommentarer:

  1. Har gått på nåken smellar med håndarbeidsblader eg og, men klarar jo ikkje la vera for det. Men, synes nå jammen det kom nåke lekkert og kreativt utav "smellen" din!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takketakk -- og sannhet i det med strikkebladene. Trur det blir meir og meir bøker på meg- innafor hobbyen!

      Slett
  2. Kreativiteten din er heilt unik ! Desse er heilt "nusselege" ! Nydeleg hortensia du har !

    SvarSlett
  3. Du er jammen rå med heklekroken!! Sååå søte klutar, veldig kjekk gåva!
    Hortensia er ein flott plante, din var nydeleg.

    SvarSlett
  4. Så nydelig, søte kluter du har laget, kjempefine gaver Linda, sier som andre; du er unik når det gjelder oppfinnsomhet :)

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...