7/23/2014

"Fiskenett"/sjal

I sommarferien har eg lese tre krimbøker av Sally Goldenbaum.  Ikkje grøssarar, men kvinnelig etterforskning--   ispedd strikkesnakk og matglede----  Jau, då kan sjølv eg lika slikt lesestoff! Takk for lånet, Jane!   


Bakerst i bøkene er det og tatt med oppskrifter på diverse strikke- plagg.  I desse var det skjerf/sjal, enkel lue og fiskelue.     Inspirert, men, utru mot oppskrift,- så har eg hekla sjal i Volo frå Lang yarns.  Kjøpte med meg to nøster frå Norwegian Spirit (jernbanen/Bergen)   Sjalet er berre luftmasker og fastmasker- og veg berre 100 gram.  Bomull 60%/polyamid 40%.  Takker, Jane, atter -  for råd.  Eg lurte på å lage to mindre sjal-  eller to stykker og sy samen til ein topp.    Sjalet her kan danderast og brukast på monge måtar.  Og som eit kast over sommershorts/-skjørt/bikinitruse.  


På tross av varmen, så skal me ha eit strikketreff hos svigerinne S. i kveld---  gosh--- eg håpe gradene synke litt.  I skrivande stund, har me 30 grader i skyggen.  Då kan da bli litt glatte strikkepinnar, du!!! 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...