8/20/2014

30-50 år gamle oppskrifter

Sist eg var heime hos foreldra mine- så tok eg nokre mobilbilder i eit lite oppskrifthefte frå Dale.  Det er blitt så  populært med kortbukse/shorts/rumper (engelsk)--at eg fekk lyst å strikka ein slik.   

1,5 nøsta med Rauma babyull, var alt som skulle til.   Den var kjekk å strikka i eit langt stykke.  Slapp å strikke kantar etterpå.  For å få fine saumar i sidene, tok eg opp masker på kvar sin hjelpepinne. Dermed snudde eg med felling i kvar side. Vridd rett sammen fra rettsida og vrangt samen på baksida. . Eng. uttrykk for detta;  i-cord. 

Her ein dagen fekk eit rørande gjensyn i posten!  Godaste Zirkona, var på reis og kom over detta Pingouin-heftet.  Det som eg har mista og som var det aller førsta babyheftet eg kjøpte. Var 18-19 år den gong.  Strikka mykje til eldstedotter og andre sine babyar, utifra dette oppskriftheftet. 1000 hjartleg takk!! 

Monge fine sider med forskjellige tema til jente og gut.
Eg kjem nok aldri til å låne vekk detta heftet att- det er for meg ein kjær skatt!


For tida koser eg meg med Mika-druene ifrå drivhuset.  Dei smaker så godt, om ikkje dei er så store. 

4 kommentarer:

  1. Hmm, som du koser deg da, selvdyrkede druer og koselige nostalgiske barnemønstre og plagg :) fine håndarbeider fra deg igjen Linda :)

    SvarSlett
  2. Ååå, dei druene så gode ut! Dei få som var modne hos oss hadde vepsen ete opp, bare skalet igjen. Jon satte opp vepsefeller, håper me får smaka nokre og ;)
    Koseleg bukse du har strikka, veldig fin! Og så kjekt du fekk deg nytt hefte :)

    SvarSlett
  3. Babybuksen er bare helt herlig :)
    Tenk at du har fått deg nytt Pingouinhefte... Så jeg må altså sitte i stuen din og strikke om jeg ønsker å bruke en oppskrift derifra ;)
    Druene har jeg jo fått smake -deilige, og ekstra deilige fordi de kommer fra eget drivhus!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, det må du, Sølvi!!! Men, tusen takk for ros på babybuksa.

      Slett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...